Ante du at gnagarane sine tenner veks kvar bidige dag, eller at det latinske namnet for kvalross er Odobenus rosmarus og tyder "den som går med tennene"?
I denne boka tar Erna Osland lesaren med på ei lærerik tannvandring hos dyr og menneske. Det faglege innhaldet er formidla i eit spenstig og overraskande språk, og er humoristisk og suverent illustrert av Marvin Halleraker.