Enda ein gong er Daniella redd for far sin. Kva har han rota seg borti? Han liknar ikkje seg sjølv lenger. Støtt er han nervøs og uroleg. Kan det vere fordi Awa kjem til dei om nettene? Plutseleg er dei borte. Heldigvis er ikkje Daniella aleine. Leo dukkar opp, Leo med auge så svarte som natta.