Fargerik bokstavleik for barnehagebarn! «Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å halde auge med broren. Som lønn skal ho få ein skatt kvar dag. Skatten skal komme frå havet og begynne på ein ny bokstav kvar gong.» I Bokstavsommaren hentar Styrk bokstavskattar opp frå havet til veslesøster Zara, og gjennom fisking og snorkling blir Styrk og Zara og lesaren kjende med alle bokstavane i alfabetet. Det finst ein tekst for kvar bokstav, og boka er ein liten skatt for dei som skal bli kjende med alfabetet vårt. Boka er blitt til i samarbeid med Nynorsksenteret og Lesesenteret, og alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.
. - Passer for 3-6 og 6-9 år
Zara, veslesøstera til Styrk, er for lita til å snorkle, men stor nok til å halde auge med broren når han vil snorkle. Som lønn skal ho få ein skatt frå havet kvar dag som skal begynne på ein ny bokstav kvar gong. Gjennom fisking og snorkling blir Styrk og Zara kjend med alle bokstavane i alfabetet. Det finst ein tekst for kvar bokstav. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet. Omtalen er utarbeida av BS.