Haren flyktar frå reven i skogen. Han gøymer seg i snøen, og støytar på ei harejente, som fortel at ho ventar på jula. Jula har han aldri høyrt om. Men harejenta fortel, om jul og fred på jord, og snart ventar dei og gler seg saman. Men er dei trygge for reven?
Du og eg er ei forteljing om å vera redd, men også ei forteljing om jul, fred på jord, kaker og vippeøyre. Og om det å vera to.