Forlaget skriver om denne boka:
Ein sjølvstendig framhald av den frodige soga som byrja med «Forbanninga». Ein historisk spenningsroman om sterke, veike og kåte kvinner, om veike, brutale og skadde menn, i Etne-bygda på 1700-talet.
Den mystiske Ragnilla har framleis si makt over Sjur Hordland, medan sonen Anders vinglar mellom to jenter. Her er rikeleg med dramatikk, erotikk, krangel og drap, men også vennskap, samhald og kjærleik.