Forlaget skriver om denne boka:
Oldemor er 80, 90 eller 100 år, det er ikkje så gådt å seia. Det som er sikkert, er at ho er ei uvanleg oldemor med alle dei ville og ustyrlege påfunna sine. Eide Plikk, som ho er oldemor til, synest dei er heldige som har ei så sprek og spennande oldemor i huset. Men foreldra hans synest ikkje alltid det same, rett som det er prøver dei å bli kvitt henne. I denne boka får du lesa om nokre av påfunna til oldemor, blant anna den gongen ho rømde. Det var ein av dei gongene dei ville senda henne til aldersheimen, ja dei hadde skaffa henne plass og venta berre på at ho skulle bli henta.