Historisk spenningsroman frå 1700-talet
Dei dramatiske hendingane og den medrivande kjærleikssoga er lagde til Etne i Sunnhordland, og ein skal ikkje lese mange sidene før ein forstår at dette er noko meir og anna enn ei medrivande og velskriven bygdeforteljing.
Det er folket på garden Hordland det dreier seg om, om deira sorger og slit og små gleder, og vi får høyre om korleis forbanninga kjem til å kvile over Hordlandsfolket. Sjur og kona Lisbet lever sitt strevsame liv som grannane og bydefolket elles. Men så dukkar den mystiske Ragnilla opp. Og over hendingane og landet sviv Farande Fanten...