Kva gjer deg svimmel? Å stå på altanen i attande etasje? Å nå fjelltoppen når vinden ruskar i deg og vil ha deg med? Å kjenne at den du har venta på, endeleg kjem og tek rundt deg? Alt dette gjer meg svimmel. Dette, og så mor mi, mormor mi og kjærastane deira. Livet vårt. Livet mitt det gjer med svimmel. Heilt svimmel.