Hausten og vinteren 1777 er hardare enn nokon kan hugse i Etne. Ulveflokken i fjellet har aldri vore så nærsøkande på 24 år. Husdyr blir tekne kvar natt, og folket på Hordland har verre ting i vente. Sjur og Lisbet bur framleis på Teien. Eldstesonen Anders har budd på husmannsplassen Sulio i dei seks åra som har gått sidan han gifta seg med Marta. Etter at Anders overtok fela etter Besten, er han blitt ein av dei beste spelemennene i bygda. Men alkoholen er i ferd med å få makta over livet hans, og han er ikkje blitt mindre kåt med åra. Ein mordarulv følgjer Anders, eit skremmande vesen han aldri blir sikker på om finst.