Forlaget skriver om denne boka:
Ein haustdag finn frosken ein svarttrast som berre ligg på marka. Ingen av vennene hans skjøner kva som er skjedd, søv fuglen, kanskje? Så kjem haren forbi og forklarer at svarttrasten ikkje søv, men er død. Saman gravlegg vennene den vesle fuglen, og minnest han med vakker song.
Med varme og vennleg humor skildrar Max Velthuijs små og store hendingar i livet, anten ein er frosk eller menneske.