Ein morgon når frosken vaknar, hugsar han det haren sa: Dette er ein heilt spesiell dag.
Men kvifor? Frosken går ut og spør vennene sine, men dei svarar i hytt og ver - og haren er ikkje heime. Gråtande går frosken til slutt heimover. Men kva er dette? På hustaket hans er det eit flagg, og innanfrå høyrest stemmer.