Forlaget skriver om denne boka:
Eg er vinden speler seg ut i ein tenkt og så vidt illudert båt, og handlingane er også tenkte, og skal ikkje utførast, men illuderast.
I Eg er vinden vender Fosse tilbake til eit kjernemotiv i forfattarskapen: To vener går kvar sin veg. Den eine har flytta eller gått bort, den andre sit igjen og minnes. I dette stykket, kjem den første tilbake. Eller gjer han eigentleg det?