Forlaget skriver om denne boka:
Alida og Asle er komne til Bjørgvin for å finne arbeid og ein stad å bu. Alida er høggravid, men ingen vil gi henne og kjærasten rom. Dei blir meir og meir motlause der dei går omkring i regnet.
Med seg har dei minna om ei lykkelegare tid, då dei to møttest og straks skjønte at dei var meinte for kvarandre. Men vonde minne blandar seg også inn, og ekkoet frå bibelhistoria er sterkt heile vegen. Andvake er ei tvitydig historie, ei vakker og trist forteljing som blir til ei uhyggeleg legende. Historia peiker langt ut over seg sjølv og den enkle handlinga. Det er ei lysande vakker skildring av kjærleiken mellom dei to unge, og ein roman støypt i ei stram og unik form, der alt er enkelt og storslått på same tid.
-En fortelling full av kontraster. Denne boka gleder jeg meg til å lese igjen om 5, 10, 20 og 30 år, for jeg er sikker på at jeg vil oppdage noe nytt for hver gang. Anbefales virkelig!