Det var tid for den store marsipanfesten. Andungen øvde på ein stor og fantastisk tryllekunst. Dustefjerten lurte på korleis han skulle bli svolten nok til all den gode marsipanen. Ute i vinternatta stod nokon og myste inn. Og brått kom eit hyl frå berget til Kavringreven. Så blei andungen borte. Bollefisen blei borte. Til og med marsipanoppskrifta blei borte.