Forlaget skriver om denne boka:
I denne boka blæs det kraftig. Vindholmen Hornmusikkorps blær i klarinettar og trompetar. Jostein vil blåsa i Petter. Og vinden blæs i alt. Men Krystall Evenes er så lei av å smila, og undrast på kor alt tok til. Kor i all verda kan røtene mine vera, tenkjer ho, før ho må inn og smila til kamera på nytt. Og så fer proppen ut. Og Holger Furu er lærar og dirigent. Mens kona hans driv på med ein diger stein, og berre lagar havregraut til middag. Ja, det ular og blæs. Men den som kysser i all denne vinden, blæs iallfall ikkje bort aleine.