Søren trur Bror Min er ein tjuv. Bror Min er eldst og ei jente, og saman har syskenparet ansvar for innkjøp og middagslaging til familien. Men dei ubetalte varene som Søren finn heime, talar sitt tydelege språk. Bror Min snakkar ofte om urettferd, og om at vi i dei rike landa stel frå dei fattige. Korleis heng dette saman?