Forfattaren trudde at fortellinga skulle spretta ut av blyanten heilt av seg sjøl. Ein fin fortelling om Dustefjerten attmed bekken. Men sjøl om han spiste fleire kilo marsipan og hadde tre sylspisse blyantar, blei han berre surare og surare. Han måtte kjøra guten sin til barnehagen, laga middag... og så begynte det å dryppa frå taket. Og frå augene hans. Heilt til nokon snubla i ein spade og alt blei heilt forandra... Dette er fortellinga om korleis fortellinga blei til. Her får du treffe Dustefjerten, egget, Holesnusken og alle dei andre attmed bekken.
. - Passer for 6-9 og 9-12 år