Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
Bok . - 150 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysninger:
Flat mat er ein av våre eldste, enklaste og mest utbreidde mattradisjonar. I denne boka møter du menneske frå fleire verdshjørne som lærer deg sine smakfulle favorittar. Heimebaka lefse til jul? Pannekaker i barnebursdagen? Frukostlompe med brunost?Fredagstaco med sjølvsteikt tortilla, eller lapskaus med flatbrød du har kjevla ut på benken? Ja, eller kva med å gje ei smakfull gryte følgje av asiatisk roti eller austafrikansk injera? I «Takkefest!» har takkeentusiast Aaste Kveseth funne fram kjevlet og invitert nordmenn med røter frå ulike verdshjørne til å vise fram noko av variasjonsrikdomen som finst av takkebakst. Saman gjev dei deg eit rikt utval av gode oppskrifter og viser deg kor lett du kjem i gang. Visste du at menneska alt for fleire tusen år sidan steikte flatbrød på bålet? Det er ikkje tilfeldig, for dette er noko av den enklaste baksten du kan gje deg i kast med! Du blandar berre mjøl og væske til ei røre, eller knar det saman til ein deig som du kjevlar flat. Blandinga treng korkje gjære eller heve, og det er også overraskande små skilnader som avgjer om resultatet blir til ei mjuk lefse, ei pannekake med deilige, sprø kantar eller eit meir kompakt brød. Etter å ha baka deg gjennom denne boka vil du seie det, du òg: Ingenting kan måle seg med fersk, heimelaga takkebakst!
Hylleplass:
641.81 K
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Takkefest! : : jorda rundt med
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=626945