For første gong på meir enn eit tiår utgir Margaret Atwood ei omfattande ny diktsamling. På utsida ser vi nokon som skrumpar inn, men innanfrå, slik det kjennest i hjartet og andedraga og under huda, kor annleis, kor endelaust kor roleg ein del av allting kor stjerneklart mørkt. Siste andedrag. Guddommeleg kanskje. Kanskje lindring. Dei elskande fanga og stengt inne i ei grotte, røyster heva i ein siste svevande duett, til det vesle vokslyset sloknar. Vel, uansett heldt eg handa di og kanskje du heldt mi då steinen eller universet lukka seg omkring deg. Men ikkje meg. Eg er enno på utsida.
"Kjære vene" er Margaret Atwoods første diktsamling på over eit tiår. Samlinga tar opp tema som kjærleik, tap, natur og tidas gong. Poesien er introspektiv og personleg, men famnar breitt over eit landskap av eit levd liv. Atwood er best kjend for romanane "The Handmaid''s Tale", "The Testaments" og "Oryx and Crake", men ho har óg vore ein aktiv poet frå tidlig i karriera si.