Kva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy? I møtet med den største krisa og den lengste natta for menneskja, kva er det manualen for heile eksistensen seier? Han seier at alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast. Dette er det fantastiske og fryktelege med livet som vi kjenner det. Det er unikt, du er unik, og det er fortapt, du er fortapt. Slik rammar Kjersti Wøien Håland inn vår tid og bevissthet i denne diktsamlinga. Og det er innafor dette tilsynelatande håpløyse rammeverket at ho finn medkjensle, sjølvstende og overlevingsevne.
I diktsamlinga 'Alt er uerstatteleg og ingenting kan fiksast' skriv Håland om vår tid og vårt medvit. Kva skjer om ting plutseleg ikkje fungerer lenger: 'Kva gjer ein når alle alarmar går? Og programvarer er utdatert? Og verktøy ikkje lenger er verktøy?' Har vi ein manual for livet? Kan ting erstattast og fiksast? Livet er unikt og menneska er unike, og dermed kan livet også vere fortapt og menneska fortapte. Men Håland teiknar ikkje eit bilete av fullstendig vonløyse. Innanfor livet sine rammar finst òg empati, sjølvstende og overlevingsevne. Omtalen er utarbeidd av BS.