Liv Indrebø vil ha sin eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper eit avsidesliggande småbruk for å jobbe utandørs og gjere ny nytte av dei gamle husa. På museet strevar ho med å tru på orda ho er tilsett for å produsere. Draumen om kroppsarbeid og nytteverdi er sterkare i ho enn i kjærasten Svein, ein populær fysioterapeut som bur i byggefeltet i Avdalen sentrum. På jonsok kjem amerikanske slektningar av for lengst utvandra nordmenn på besøk, og folk samlar seg på bygdetunet. Bålet brenn. Men er Liv i ferd med å miste klarsynet i sitt inderlege forsøk på å klare seg sjølv? «Eit praktisk menneske» er ein roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Historia finst på trygg avstand, men kva med livet i praksis? Kan ei kvinne aleine klare å forvandle kaos til orden? Og korleis elske noko ein ikkje treng?
Liv Indrebø draumer om å ha ein eigen plass og vere eit praktisk menneske. Ho kjøper seg eit avsidesliggande småbruk for å gjere kroppsarbeid og gjere ny nytte til dei gamle bygningane. Kjærasten Svein deler ikkje hennes fascinasjon for å jobbe utandørs og skape nytteverdi - den populære fysioterapeuten bur i eit byggefelt i sentrum av Alvdalen. På jonsokaftan kjem fjerne amerikanske slektningar straumandes, og det store bålet på bygdetunet brenn. Kan det vere at Livs behov for å klare seg sjølv kan gjere at ho mister klarsynet? Omtalen er utarbeidet av BS.