Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
[2021] . - Bok . - 347 sider
Nynorsk
Opplysninger:
Boka tar for seg korleis historia til kornet er vevd inn i sivilisasjonane som har bygd på det, fram til i dag. Biologiske eigenskapar og mutasjonar vi har møtt på tallerken og i gryta, er evolusjonsbiologi god som nokon. Dei finst i språket, i religion og kultur, i forskjellar mellom samfunn og i global politikk i dag. Dei stivelsesrike grasfrøa vi har levd av i tusenvis av år, vil vi òg avhenge av framover - men korleis? Folk har sanka korn i titusenvis av år - men for 10-12 000 år sidan tok dei til å temme det - først i Midtausten, snart etter i Kina, så Mellom-Amerika, Afrika og India. Dei blei, liksom husdyra, genetisk endra til eit liv i fangenskap. Dei kunne rømme igjen, men ikkje menneska, fordi dei raskt blei fleire. Fordi kornet var haldbart i årevis, blei kornlageret verdas første pengar og kapital og grunnlag for klassesamfunn. Alle kornsamfunn utvikla derfor skriftspråk og talsystem. I Kina og Afrika blei kornet kokt, i Midtausten male til mjøl og bakt til brød. Alle kunne når som helst brygge øl av det. Det siste tiåret har DNA-sekvensering klarlagt mange av gena som temma kveite, ris, mais og andre kornartar. Somme mutasjonar, som aroma i basmati-ris, skjedde ein gong og spreidde seg til jasmin-ris. Andre eigenskapar har oppstått fleire gonger. Saman med ny arkeologi trer dei mange kornhistoriene nå fram. Kornets biologiske historie er vår mathistorie. Rikdomen på mutasjonar gjorde mogleg mangedoblinga i kornproduksjonen i løpet av 1900-talet. Trass i ei tredobling av folketalet fall kornprisen kontinuerleg, bortsett frå under verdskrigane og ei børsboble i 1973. Ingen hundreår før har sett ei slik utvikling. Kornet mettar dei sju milliardane i dag , men kan det òg mette ti? Må vi ete meir korn, heller enn å fø opp stadig fleire husdyr? Og er det sunt for oss? Frå å vera eit symbol på overflod, feira på tallause myntar og frimerke, blir korn - særleg kveite - nå klandra for sjukdomar som cøliaki, diabetes og fedme. Samtidig vil mange ha
Hylleplass:
641.3 B
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

AvdelingBindPlasseringHylleNoteStatus
Tønsberg Voksen fagPå hylla
Tjøme fagPå hylla
Revetal Voksen fagPå hylla
Tønsberg Voksen fagPå hylla
Asmund Bjørnstad gir eit innblikk i historia til ein av våre viktigaste matkjelder. Menneske har til alle tider sanka korn, men for om lag 12 000 år sidan begynte den møysommelege prosessen med å kultivere dei stivelsesrike grasfrøa. Og på samme vis som med husdyra blei kornet temma, og genetisk tilpassa vårt behov. Haldbarheita gjorde kornet til betalingsmedel og grunnlag for dei store sivilisasjonane, med eige skriftsrpåk og talsystem. Arkeologi og mogelegheita for å spore DNA har gitt ein større innsikt i vandringa kornet har teke oppgjennom historia. Evna kornet har til å mutere seg har danna grunnalg for ein produksjon som er i stand til å mette store deler av verdas befolkning. I boka undersøker Bjørnstad om kornet vil kunne mette ein enda større befolkning, om det vil vera betre dyrke korn framfor fôr til kjøttproduksjon. Han ser på årsaka til at kornet blir skulda for ein rekke sjukdomar og oppblomstringa av jakten på det opphavelege urkornet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Konfirmasjon til alderdomen : dikt for eldre


av Åsmund Bjørnstad
Bok utgitt 2021
Ledig (Avd.: Revetal Voksen - Plassering: dikt B)
Bestill Husk denne

Kornboka : brødets og ølets historie


av Åsmund Bjørnstad
Bok utgitt 2021
Ledig (Avd.: Tønsberg Voksen - Plassering: fag 641.3 B)
Bestill Husk denne

Vårt daglege brød : kornets kulturhistorie


av Åsmund Bjørnstad
Bok utgitt 2010
Ledig (Avd.: Tønsberg Voksen - Plassering: fag q 633.1 B)
Bestill Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Kornboka : brødets og ølets his
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=586306