I Kjærleik og det som liknar tek Therese Tungen for seg kjærleik og begjær: Ein fersk student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann; eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira; ei ung kvinne blir etterlatt av sambuaren og kjøper ei bjørnedrakt; ein filmskapar ser ekskjærasten sin på gata, og gjennomlever fortida på to minutt; ei ung jente forsvinn ut i natta i ein ferieby, mens mora og bestemora prøver å finne henne igjen. Kor mykje av kjærleiken styrast av våre eigne valg, og kor mykje er slump eller omstende? Nokre gonger møtest folk på feil tidspunkt, andre gonger oppdagar to menneske at kjærleik er ulike ting for kvar av dei. I Kjærleik og det som liknar utforskar Tungen eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad. Samtidig framstår historiene som høgaktuelle i ei tid der premissa for kurtise og samliv er i endring.
Therese Tungen tek for seg kjærleik og begjær i denne novellesamlinga: Ein student blir dregen inn i eit forhold til ein eldre mann, eit par dreg til Grand Canyon og ei kløft opnar seg i forholdet deira, ei kvinne kjøper ein bjørnedrakt da ho blir etterlatt av sambuaren, ein filmskapar ser ekskjæresten på gata og gjenomlever fortida på to minutt og ei ung jente forsvinn i ein ferieby og mora og bestemoraprøver å finne henne. Tungen utforskar eldgamle tema som fornuft og kjensler, tid og lagnad, samtidig som historiene framstår som høgaktuelle i ei tid der premissa for samliv er i endring. Omtalen er utarbeidd av BS.