Blant ting og tang I tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har Kristin Auestad Danielsen skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dotter og om alle kvardagane som rommar livets drama.
Dette er ei diktsamling om heimen og romma me bur i. Dikta skildrar kjensler rundt å vere barn, voksen, og mor, og også kvardagen og fellesskapen mellom mor og dotter. Kristin Auestad Danielsen er forfattar og dramatikar og har gitt ut fleire diktsamlingar. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg, og teaterversjonen av den første romanen hennar, 'Vår vesle', blei satt opp på Det Norske Teatret i 2018. Omtalen er utarbeidd av BS.