Slagferdig og uhøgtideleg om norsk bokbransje. Forfattaren Oddlaug Nilstun har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag etter at skrivinga har gått i stå. Saman med Siss og Unn, to garva forlagsmenneske, skal ho halde i lanseringa av den første boka til den kjende forfattaren Michel Sørbrøt på ti år - ein ekteskapsroman. Han er elska og hata, eit provoserande geni - men er den nye boka noko særleg? Kva meiner ekskona? Og kvifor er det så viktig for Oddlaug å vere ven med Michel på Facebook? Ikkje tenk på det er ein uhøgtideleg satire i seks scenar om litteraturbransjens meir eller mindre skuggelagde krikar og krokar. I ein stil vi kjenner godt, skriv Nilssen kløktig og humoristisk om aktuelle debattar kring pengedrivet, kritikarstanden og kulturmannen, om nettverk, røyndomslitteratur og #me too - attkjenneleg for mange i eit lite og lesande land som Noreg.
Skrivinga har gått i stå for forfattaren Oddlaug Nilstun, som difor har takka ja til jobb i marknadsavdelinga i eit forlag. No har den kjende forfattaren Michel Sørbrøt gitt ut si første bok på ti år. Saman med dei to erfarne forlagsmenneska Siss og Unn får Oddlaug ansvaret for lanseringa av boka, som er ein ekteskapsroman. Michel er elska og hata, eit geni som veit å provosere. Men er den nye boka eigentleg noko særleg? Kva synes ekskona om boka? Og kvifor vil Oddlaug på død og liv vere ven med Michel på Facebook? «Ikkje tenk på det» er ein satire om litteraturbransjen, kritikarstanden og kulturmannen, nettverking, røyndomslitteratur og #metoo.