Dagens barne- og ungdomslitteratur bruker ei mengd ulike verkemiddel, det påverkar utforminga av innhaldet og lesarrolla. Perspektivet i denne boka er påverka av leik-teori, performativ estetikk og multimodal medieteori, og studentane får ei oppdatert forståing av kva barne- og ungdomslitteratur er og korleis han fungerer. Ørjasæter syner korleis lesaren blir inkludert i forteljinga, enten mediet er bildebok, teikneserie, tekstbok, lydbok eller app. Vidare ser forfattaren på samanhengen mellom den litteraturen vaksne skriv for barn og unge, og den litteraturen barn og unge skaper sjølv, som fan-fiction. Boka er skriven for studentar på barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane og bibliotekarutdanninga.
Korleis verkar barne- og ungdomslitteraturen som skrivast i dag inn på lesaropplevinga? Kva for verkemiddel nyttar litteraturen i ulike sjangre? Kristin Ørjasæter, leiar Norsk for barnebokinstitutt, ser nærmare på desse spørsmåla. Ho undersøkjer også samanhengen mellom litteraturen som vaksne forfattarar skriv for barn, og den litteraturen som barn sjølv skapar, til dømes fan-fiksjon. Boka er skreve spesielt med barnehagelærarar, grunnskulelærarar og bibliotekarar i tankane, men vil også være interessant for andre som er nyfikne på korleis barn og unge les i Noreg i dag. Omtalen er utarbeidd av BS.