Ei lita perle om skriving og kreativitet.I denne boka fortel Patti Smith om sin eigen kreative prosess og om kva som inspirerer henne. Vi får lese ei vakker forteljing, og vi blir tekne med på fleire reiser, mellom anna til Sør-Frankrike og Camus sin heim, og til forleggjaren Gallimard sin hage der vi møter gjenferda til Mishima, Nabokov og Genet. Smith oppsøkjer også Simone Weils grav på ein einsam kyrkjegard og tek oss med gjennom dei namnlause Paris-gatene i Patrick Modianos romanar. Ho deler generøst med lesaren frå dei notata ho tek på kafeen eller på toget, og lèt oss få eit unikt innblikk i kunsten sin og skapinga si.
Dei siste åra har Patti Smith, elska og hylla som artist, tilkjennegjord seg som ein forfattar med ei særeigen og attkjennande røyst i diktsamlinga Sanka ull og memoaret Just Kids. No let ho oss gløtte inn i den kreative prosessen bak skrivinga, gjennom ei forteljing som tar form av ei reiseskildring. Lesaren blir med til Frankrike, der Patti Smith vitjar heimen til Camus, hagen til forleggjaren Gallimard, kyrkjegarden der Simone Weil ligg i evig einsemd, og til dei namnlause gatene frå Patrick Modianos Paris. Dette er ei bok om forfattarar som har gitt næring til Smiths eiga skriving, men samstundes ei bok om hennar metode: lesaren får sjå notata frå kaféar, reiser, og andre stader der inspirasjonen dukkar opp. Siw-Anita Kirketeig har omsett boka. Omtala er utarbeidd av BS.