Direkte og innsiktsfullt om utestenging og forelsking
– Du treng ikkje herma etter apene, Arne! seier Simon.
Ivar byrjar å le høgt.
Han hoppar rundt bålet som ei ape, medan han peikar på meg.
– Du er eit apetryne, Arne, eit ekkelt apetryne. Me kan ikkje vera saman med slike som deg! Me vil ikkje ha deg her lenger!
Med Apetryne har Atle Hansen skrive ei sterk bok om det å vere utanfor, vere venner og vere forelska, og om å bli sett av den du ønskjer skal sjå deg.
Jonas trivs best i bakgrunnen der han kan observere dei andre elevane på vidaregåande. Blant anna ser han at den nye guten med dei vakre krøllane på idrettslina, Alexander, verkar vere interessert i bestevenninna hans, Live. Noko Jonas synest er vanskeleg, for han ønsker eigentleg at Alexander skal vere interessert i han. På ein fest blir Jonas hemmelegheit avslørt for alle. Frå da av er han ikkje lenger så usynleg. Den einaste som ikkje har skjønt at han likar gutar er visst han sjølv. Omtalen er utarbeidd av BS.