Du grøne, glitrande fortel historia til ein av våre kjæraste juletradisjonar. Ho er full av overraskingar. Det første juletreet vart reist og pynta i Alsace på 1500-talet, og for knapt to hundre år sidan kom tradisjonen til Noreg. Mange opplevde synet av juletreet som eit vedunder - medan andre såg på det som avgudsdyrking. Boka syner at treet, med røter heilt tilbake til heidendommen, vart det fremste kristne julesymbolet. Korleis vart denne skikken så utruleg populær? Kva er meininga bak pynten? Kva gjorde dei som ikkje hadde tilgang på skog eller råd til juletre? Bli med Oddgeir Bruaset på ei stemningsfull vandring gjennom juletreskogen, til juletrefestar som samla heile bygder, og til folk som fortel om juletreet dei aldri gløymer.
Mange har et forhold til juletreet, men få kjenner historien om hvordan et tre ble vårt kjæreste julesymbol. I denne boken skildrer Oddgeir Bruaset hvilken betydning tre og pynt har hatt fra man pyntet de første trærne i Alsace på 1500-tallet og frem til Norge i dag. Underveis formidler han egne og andres juleminner fra hele landet, parallelt med historiske fakta.Oddgeir Bruaset er mest kjent fra programserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har også skrevet boken Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Boken er rikt illustrert. Omtalen er utarbeidet av BS.