Forlaget skriver om denne boka:
Likar du blanda drops? Her har du ein heil pose! Full av dikt og forteljingar i alle slags fargar og med alle slags smakar. Nokon søte og runde og glatte. Nokon skarpe og piggete og pepra så det svir. Små som lus eller store som mammutar. Det er berre å velje!
Desse dropsa blir det aldri slutt på. Du kan suge på dei natt og dag, du kan tyggje på dei ved middagsbordet eller inne i skogen, du kan spytte ut igjen det du ikkje kikar og svelgje resten. Du kan låne dei bort til andre ungar og tanter og onklar så mykje du vil. Og når du får posen igjen, er dropsa like heile, posen er like full! Slik er prinsesse Bertas blanda drops.