Geirmund Heljarskinn, viking frå Rogaland, vart den mektigste landnåmsmanen på Island på slutten av 800-talet. Men kven var han eigentleg? Bergsveinn Birgisson hadde merka seg denne mannen, som definitivt var ei soge verdig, men som likevel mangla ei. I 2014 vart Birgisson kontakta av ein ven som hadde gjort et svært spesielt funn i det islandske nasjonalbiblioteket: ein kopi av eit skinninnbunde handskrift som gjev seg ut for å vere nettopp den manglande soga om Geirmund Heljarskinn, og med det ei av dei tidlegaste sogene. Dersom det heile ikkje då er eit plagiat og eit falsum? Omtalen er utarbeida av BS.
Kven var eigentleg denne Geirmund Heljarskinn, kongesonen frå Avaldsnes i Rogaland som vart den mektigaste landnåmsmannen på Island på slutten av 800-talet? Dette var eitt av mange spørsmål Bergsveinn Birgisson for nokre år sidan stilte seg i boka Den svarte vikingen. For Geirmund var definitivt ein mann ei soge verdig, men det finst inga soge! Denne svært påfallande mangelen nærmar seg her ei oppklaring. For no er soga om Geirmund Heljarskinn endeleg funnen!
Birgisson fortel her i eit forord om då han i 2014 vart kontakta av ein islandsk venn og kollega som hadde gjort eit sensasjonelt funn blant nokre avlagde dokument i det islandske nasjonalbiblioteket. Ein kopi av eit skinninnbunde handskrift frå eit no forsvunne kloster på Vest-Island, som gjev seg ut for å vere nettopp denne manglande soga – og med det ei av dei tidlegaste innan soge-sjangeren og om mannen som vert sagd å vere den mektigaste av alle i Islands eldste historie.
Viss det heile då ikkje er eit plagiat og eit falsum….