I den tredje boka i Edvard Hoems store familiekrønike følgjer vi dei to brørne Anton Edvard i Romsdal og Eilert i Donalda på Alberta-prærien. Dei prøver begge å bygge seg opp frå nesten ingenting, dei arbeider hardt, konkurrerer med og inspirerer kvarandre. Ute i verda rasar første verdskrig, titusenvis mister livet på vestfronten. Då krigen er over endrar konjunkturane seg, og det blir tydeleg at det fins ting i livet som sjølv ikkje hardt arbeidande menn er herre over. Den nye tida bringer med seg automobilar, telefonlinjer og ein musikk som påverkar både unge og gamle menneskesinn. Omtalen er utarbeidd av BS.
Forlagsomtale: «Land ingen har sett» er den tredje boka i serien av Edvard Hoems store familiekrønike. Romanen følgjer to brør gjennom deira beste manndomsår, Anton Edvard i Romsdal i Noreg og Eilert i Donalda på Alberta-prærien. Begge brørne skal bygge seg opp frå nesten ingenting. Dei konkurrerer med kvarandre og inspirerer kvarandre og bruker stadig fleire av døgnets timar for å sikre eit betre liv seinare. I den store verda rasar første verdskrig, og titusenvis døyr i skyttargravene på vestfronten. Da krigen er slutt, endrar konjunkturane seg, og det viser seg at det er mange ting i livet som sjølv ikkje hardt arbeidande menn er herre over. Den opprørske Gjertine, som no har vore tretti år på Dakota-prærien, legg ut på si siste store reise til ugjestmilde Ravenscrag i Saskatchewan, der sonen, som no skriv seg Severt Olson, har slått seg ned. I Molde blir Serianna eit anna menneske på grunn av sorga som mannens død påfører henne. Ho snakkar med han som om han framleis var i live, og uttalar forbløffande sanningsord om krigen og tidene. Ut av krigen og armoda blir ei ny tid til, med telefonlinjer, automobilar og ein musikk som skaper uro i gamle og unge menneskesinn. «Land ingen har sett» er ei mangfaldig forteljing om sterke band mellom menneske som i dei fleste tilfelle aldri skal få sjå kvarandre igjen.