Norsk-argentinske Norah Lange høyrer til blant pionerane i den latinamerikanske litteraturen, og var ei av svært få kvinner knytt til den argentinske avantgarden på 1920- og 30-talet. I denne boka samlar ho sine stillferdige barndomsminne. Ho gir oss nære og klare bilete av ho sjølv og søstrene hennar, av nabolaget i Mendoza og Buenos Aires, og av dei mange karakterane og rituala som prega barndommen deira. Notatbok frå ein barndom kom ut for første gong i 1937, og er omsett frå spansk av Gunstein Bakke, som også har skrive etterordet. Boka er blitt kalla ei av dei vakraste barndomsskildringane i den latinamerikanske litteraturen, i følgje forlaget