Ei lettlesen og spennande bok om politihunden Falk, som bur saman med politidama si, Hanne, og familien hennar. Etter lang tid med opplæring skal Falk endeleg ha sin aller første dag på jobb, og han får bruk for alt han kan!
Dette er den første boka i ein planlagd serie som skal formidle politiets arbeid gjennom etterforskarparet Falk og Hanne og ulike oppdrag dei får. Denne gongen har det vore hærverk på skulen, og nokon har velta gravsteinar på kyrkjegarden. Kven står bak?
Boka er gjennomillustrert av teikneserieskapar og illustratør Odd Henning Skyllingstad, og er midt i blinken for både gutar og jenter i alderen 8‒10 år.