Hopp over navigasjon
         
Søk med mobilen

Omslagsbilde
""
Logg inn med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2011 . - Bok . - 348 s.
Nynorsk
Hylleplass:
839.82 Garborg,A.
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse
ARNE GARBORG var eit prisme for mange av dei intellektuelle og åndelege
impulsane som trefte Noreg på 1880- og 90-talet. Dette gjer han til ein spennande
forfattar, vanskeleg å putte i éin bås, og bidraget hans til kulturhistoria vår er
større enn dei skjønnlitterære tekstane. Arven etter han har sider som har vore
etter måten lite påakta: Ei av desse sidene er tenkjaren, Garborg «med lykti i
hand», med tankar som skulle vise seg å byggje bru til framtida.

«MED LYKTI I HAND» GARBORG SOM DIKTAR OG TENKJAR kastar lys over
både mennesket og forfattaren Arne Garborg. Mange har eit inntrykk av Garborg
som ein folkesky einstøing, og nokre biografar har også framstilt kjærleikslivet
hans i tråd med dette bildet. Men boka viser at Arne og Hulda Garborg var eit
kunstnarpar i fortruleg og produktiv balanse, og at forfattaren var ein sann venn
og ein stimulerande samarbeidspartnar for mange i inn- og utland.
Dei fremste Garborg-kjennarane i landet har analysert forfattarskapen hans
ut frå teologiske, filosofiske, religionsvitskaplege, estetiske og litteraturvitskaplege
perspektiv, og formidlinga til nye generasjonar er vigd ein eigen bolk.

Hovuddelen i antologien er likevel «Garborg på leiting». Han har ein bodskap nettopp
til vår fleirkulturelle tid: Ingen sanningar er sjølvsagde lenger; vi må difor,
som Garborg, tenkje sjølve. Nylesingane av Garborg er motsetningsfylte, slik forfattaren
sjølv var det. Dei gjer at denne boka vil bidra til å kaste nytt lys over ein
av dei mest markante diktarane og tenkjarane i Noreg.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om AG : "med lykti i hand": Garbor
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom
https://tonsberg.bib.no/cgi-bin/websok?tnr=300616