Forlaget skriver om denne boka:
Ein naturkatastrofe rammar skoleungdommar frå Stavanger på tur til London. Dei fem gjenlevande elevane forsøkjer desperat å komme seg heimover etter å ha blitt bølgjefast i England. Dei er komne til Cornwall der dei må overleve på det dei sjølv fangar i naturen. Kven kan dei eigentleg stole på? Og finst det ein skjult skatt i det gamle slottet på St. Michaels Mount?
Dystopia II er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar. Første boka i fireboksserien DYSTOPIA 2014 kom i 2009. Dette er den andre.