Forlaget skriver om denne boka:
Han ventar, ho kjem ikkje. Ho er så slapp og trøytt, ho må la han passa på henne.
Han går opp igjen. Han kjenner seg svimmel, kanskje full, i alle fall i kroppen, men at hovudet ikkje er det. Han lurer på om han skal ringja politiet, eller om det er heilt hysterisk.
- Vekte eg deg? spør ho då ho kjem inn klokka nesten halv seks.
- Eg har sove som ein unge, seier han.