Forlaget skriver om denne boka:
Der går mamma og pappa. Dei går mot den gamle mellomalderkyrkja, over kyrkjegarden og ruinane. Mamma græt. Pappa held henne om skuldrene.
- Gravlundar får meg alltid til å gråte, seier mamma.
- Vi går ned til hamna, seier pappa.
Eg-forteljaren er ei jente som motvillig skal passast av storesyster. Ho kjenner seg både tilsidesett, og blir ikkje blidare av at storesyster har avtalt å få kjærast på besøk.
Ho skriv ein beskjed som ho legg på bordet: Eg rømmer. Så klatrar ho ut av vindauget og heng i ein taubrannstige medan storesyster oppdagar beskjeden og slår alarm. Det går heldigvis godt til slutt i denne boka med barsk-poetisk tekst og breipensla, fargesterke bilete. Dei to særmerkte kunstnarane har igjen skapt ei flott bok saman.