Forlaget skriver om denne boka:
«Ishavsskuter III» fortel historia til fleire av dei mest kjende norske ishavsskutene: «Veslekari» var i ei årrekkje flaggskuta mellom dei norske selfangarane. Skuta vart særleg kjend for sine mange ekspedisjonsturar til arktiske farvatn. «Kvitøy», under namnet «Norvegia», dreiv utforskingsarbeid i Antarktis og var første norske skute som sigla rundt Sørpollandet. «Polarbjørn», skuta som alltid kom fram, vil bli hugsa for bergingsaksjonen i Nord-Atlanteren i 1939 og for innsatsen under den andre verdskrigen.
Og «Bratvaag» løyste gåta om kva som hadde hendt med Andrée-ekspedisjonen som prøvde å nå Nordpolen i 1897.
Også dei andre 21 skutene som denne boka omtalar, har si spesielle historie som gir innsyn i ei næring prega av håp om storfangst, men som ofte enda med forlis og magert utbyte.