Dette er det definitive verket om Kristianiabohemen. Fosli har gått tett på kjeldene og funnet både spennande detaljar og nye, kontroversielle perspektiv på stoffet.
Og for eit stoff! Boka skildrar og drøftar mange emne som er minst like aktuelle i dag som for hundre år sidan: alkoholisme, prostitusjon, diktarrolla, einsemd, utopiske draumar, depresjon, forelsking, seksualitet, skandalar, psykopati, svik og sjølvmord.
I denne omfattande framstillinga blir sympatien fordelt på anna vis enn tidlegare. Hans Jæger og Oda Krohg blir ikkje heroiserte; istaden trekker Fosli fram Christian Krohg, Nikolai Jæger, Haakon Nyhuus og mange av dei mindre kjende bohemane, som Doffen Dahl, Rudolf Halvor Werring og Johan Seckmann Fleischer. Stor plass blir også gitt til ein av dei få legendariske kvinnefigurane i norsk kulturhistorie - kunstmålaren og "bohemprinsessa" Oda Krohg. Boka er i tillegg den fyldigaste biografien om Hans Jæger. Fosli gir ei detaljert tolkning av kva som skjedde og kvifor i trekantforholdet mellom Jæger, Oda og Christian Krohg.
Fosli har skrive eit forrykande kulturhistorisk verk, fullt av skriveglede, polemikk og fagleg fantasi.