Kvar morgon går Store syster og Vesle bror ut i verda. Først brukar dei gå til Lyngørdama og ete av dropsa hennar. Så går dei til Eplemannen og ser på skipet i flaska. Til slutt helsar dei på Kjempekule Kjell. Og Kjempekule Kjell hoppar for dei, så heile huset ristar.