Hovedbiblioteket stengt 12. august til 12. oktober. Hovedbiblioteket i Tønsberg skal få nye gulv i 1. og 2. etasje! Frem til vi stenger er samlingen tilgjengelig for publikum, men den vil gradvis bli flyttet ned i underetasjen.
Forlaget skriv om denne boka:
Dette er ei reise til dei mest avsidesliggjande stadene i Noreg og folket som bur der. Alle vi møter, har det til felles at dei har gjort eit bevisst val om å bu i utkanten, og dei har gjort det fordi dei trur dei på denne måten får mest ut av livet. For å kunne greie seg i si einsemd må dei vere psykiske sterke, dei må vere sjølvhjelpte, ha evne å løyse problema på eiga hand, og mange gjev dessutan avkall på mykje av den komforten som dei fleste av oss søkjer. I staden for å stresse for å tene mest mogeleg, får dei tid til noko anna - tid til å tenkje, tid til å leve, til å kjenne etter korleis det er å vere menneske - og det er vel verdt å lytte til tankane og oppfatningane deira. Kanskje er det dei, meir enn oss, som har funne livslykka, seier forfattaren.