Etterord av Unn Falkeid
. - Dikta i "Ute, langt der ute" er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.
Edvard Hoem byrja å skrive dikt allereie på gymnaset. I 1969 kom hans debut og første diktsamling, "Som grønne musikantar". Sidan har han skrive mange fleire romanar og diktsamlingar, mellom anna den prisbelønte "Felemakaren" (2020). Lyrikken har alltid vore viktig for Edvard Hoem; han har skrive eit flust av songar, kjærleiksdikt, "konsertdikt" og salmar. Hoem har vunne fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna Kritikerprisen, Nynorsk litteraturpris, Ibsenprisen og Brageprisens hederspris. Omtalen er utarbeidd av BS. I denne samlingen har Hoem samlet de etter hans mening beste diktene fra sine diktsamlinger.