Kulturfond
. - Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer? I «Yt etter evne, få etter behov» får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han. Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?
Lea ligg i senga og speler iPad-spill og lurar på om ho har ME. Systera Rakel har åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin som Lea ikkje maktar å ta seg av lenger. Mora deira Gudrun må vere der for dottera Linda og hennar familie. Dette er ei forteljing om ein vanleg familie som har blitt uvanleg, og om kven som eigentleg sit med ansvaret ingen klarer. Omtalen er utarbeidd av BS.