Forlaget skriver om denne boka:
Natta syng sine songar
I Natta syng sine songar har eit ungt par nett fått seg eit barn, og den unge mannen, som prøver å skrive, men heile tida blir refusert, isolerer seg meir og meir og den unge kvinna held ikkje lenger ut det livet dei lever. Ein dag kjem foreldra hans på besøk for å sjå den nyfødde og går mest før dei er komne, og om kvelden går den unge kvinna ut og kjem attende med den nye vennen sin.
Ein sommars dag
I Ein sommars dag møter ein eit ungt par som har flytta til eit hus utanfor byen, mannen held seg gjerne på fjorden, men ein dag med vind og regn om hausten kjem han ikkje att og vi følgjer den uuthaldelege ventinga og eit spørsmål som aldri får sitt svar: Er det ulykke? Er det sjølvmord?