Forlaget skriver om denne boka:
Jon Fosses dramatikk er omsett til meir enn førti språk, og stykka hans er sett opp på sju hundre scener sidan han debuterte som dramatikar.
Jente i gul regnjakke er skrive spesielt for Dramaten, og hadde urpremiere på Målarsalen på Dramaten i Stockholm 9. oktober 2009.
I stykket møter vi seks menneske, tre kvinner og tre menn. På grensa mellom humor og sorg, minnet og her og no-situasjonen, skaper dei biletet av jenta i gul regnjakke, ho som bare sto der for seg sjølv, bortkommen i regnet. Kven var ho, var ho du eller eg?