Forlaget skriver om denne boka:
Guten er fire og har ei søster på tre. Han går sine eigne vegar, utforskar verda - dei høge grasstråa i sommaren; lyden av ei slåmaskin; korleis det er å ro på fjorden. Og må finne seg i skjennet og påpassinga frå dei vaksne. Søster er ei bok full av enkel og djup undring, skriven heilt på gutens premissar og samtidig med ei innsikt og eit språk som gjer den vesle forteljinga vel verd å lese også for vaksne. Vi trur at vaksne og barn kan ha utbyte av lese denne boka saman.
Biletkunstnaren Leong Va har laga utsøkte mezzotintar som gir boka ein ekstra dimensjon.