Læraren (1896) er eit hovudverka i nynorsk dramatikk. Her møter vi Paulus Hòve, son til Enok i Fred. Verket er ei drastisk oppgjer med syndedyrking i visse kristne miljø, men her er òg ein samfunnskonflikt og ein kjærleikskonflikt. Og det er samanflettinga av alle desse motiva som gjer Paulus til ein fårleg mann. Den burtkomne faderen(1899) er kan hende Garborgs mest personlege prosaverk. Hovudpersonen er Gunnar Hòve, bror til Paulus. Han har kome attende til heimbygda etter mange år i utlandet, trøytt av materialisme og innhaldsløyse. Det blir Paulus som til slutt gir han kvila si att, med trua på kjærleiken, den sigrande livsmakta. Heimkomin son (1908) er Garborgs siste større bokverk. Her blir tankane frå Den burtkomne faderen knytta til praktisk arbeid i jordbruket, ettersom brorskapstanken blir innfelt i jordspørsmålet.