Forlaget skriver om denne boka:
Ei fraktskute går mellom bygd og by, med singel og sand. Om bord er skipper Moreld og skipshunden Haktor og dessutan labanen Einar, som aldri har likt skipshunden Haktor, men nett det har skipshunden Haktor lært seg å leve med. Då derimot skipper Moreld ein dag kjem og snakkar om at dei skal få seg endå ein skipshund om bord, tenkjer skipshunden Haktor at dette kan ikkje skipper Moreld meine. Det er noko av det verste han i sitt liv har høyrt.