Forlaget skriver om denne boka:
Ei gong for lenge sidan var paret unge, nygifte og optimistiske, men klarte ikkje å leve saman. Mange år seinare tvingar ein stor tragedie dotteras sjølvmord dei til å møtast att
Gjennom raske vekslingar mellom fortid og notid tek vi del i små, men avgjerande augneblinkar i dei tre menneska sine liv; den første kvelden i eigen leilegheit, dotteras fødsel og brotet mellom foreldra.
Dødsvariasjonar går vinteren og våren 2002 på Nationaltheateret med mellom anna Bjørn Skagestad, Frøydis Armand og Andrine Sæther i rollene. Dødsvariasjonar er det sjuande Fosse-stykket som vert oppført der. Stykket fekk nyleg den prestisjetunge Skandinavisk Nasjonalteaterpris. Oppføringa fekk også til dels svært gode meldingar; "Fosse rykker nærmere" skreiv Dagsavisen i si melding av stykket.
Teaterkritikarane i Europa samanliknar Fosse med Strindberg og Ibsen. Samstundes er Fosses stykke lettlesne, og fortel gripande om kjærleik, skuld, einsemd, sjalusi og sakn - tema vi alle har eit forhold til.